torsdag 19. november 2009

Trening på Haugum


Bilder frå trening på Haugum.

Stig likte dårlig at kamera var tatt med. Dette fordi han ikkje følte seg heilt fresh og påsto at han har mykje meir inne som fotomodell. Han måtte også ta på seg keeperhanskane i dag sidan formen ikkje var på topp. Men han klarte seg bra og var på vinnande lag.

Joachim var veldig ivrig, og sjeldan har vi sett han springe så mykje som denne dagen. Og det virka som han prøvde å springe i nærleiken av fotografen til ei kvar tid. Ein kjekk kar, så fotografen lot seg imponere og knipsa i veg.

Torstein gjorde som han pleier. Lukta foran mål og putta jamnt og trutt. Målgarantisten svikta ikkje denne gongen heller. For ei maskin denne Torstein er, for ei maskin.

Bjørn hadde på seg keeperhanskar i dag sidan han hadde eit vondt kne. Men til tross for enorme smerter i kneet fekk vi sjå ein offensiv keeper som også blei med i angrep. Makan til angrepsvillig keeper har vi ikkje sett sidan Higuita stod i mål for Colombia(for dei som hugsa han).

Martin var i sitt vanlige hjørne denne dagen. Fekk ein fot på det meste og jobba som ein fjordahest på veg opp fjellsida med noko veldig tungt bakpå. Men til tross for dette måtte han likevel innsjå at hans lag ikkje vann speløkta denne gongen.

Også har vi Fred, vår kjære Fred. Spring, duellerar, jobbar, riv og slit i motstandaren. Positiv og oppofrande som alltid. Dette er mannen du vil ha med deg i krigen. Skåra mange mål, men hadde ein del stang ut denne dagen.

Vi hadde ein prøvespelar med oss denne gongen. Rikard kom tryglande på sine kne og spurte fint om å få vere med. Slike dådyrauger går det ikkje an å sei nei til. Av den grunn klappa vi han på skuldra og behandla han som ein av våre. Noko denne herlige gjengen alltid gjer. Rikard viste prov på god fysikk, noko som er naturleg sidan han er volleyballspelar. Ein klassisk midtstoppartype med middels god teknikk, men fryktinngytande i duellspelet. Rikard gjorde ein god figur og er velkommen tilbake på prøvespel seinare viss han ønsker det.



Ingen kommentarer: