torsdag 19. november 2009

Trening på Haugum


Bilder frå trening på Haugum.

Stig likte dårlig at kamera var tatt med. Dette fordi han ikkje følte seg heilt fresh og påsto at han har mykje meir inne som fotomodell. Han måtte også ta på seg keeperhanskane i dag sidan formen ikkje var på topp. Men han klarte seg bra og var på vinnande lag.

Joachim var veldig ivrig, og sjeldan har vi sett han springe så mykje som denne dagen. Og det virka som han prøvde å springe i nærleiken av fotografen til ei kvar tid. Ein kjekk kar, så fotografen lot seg imponere og knipsa i veg.

Torstein gjorde som han pleier. Lukta foran mål og putta jamnt og trutt. Målgarantisten svikta ikkje denne gongen heller. For ei maskin denne Torstein er, for ei maskin.

Bjørn hadde på seg keeperhanskar i dag sidan han hadde eit vondt kne. Men til tross for enorme smerter i kneet fekk vi sjå ein offensiv keeper som også blei med i angrep. Makan til angrepsvillig keeper har vi ikkje sett sidan Higuita stod i mål for Colombia(for dei som hugsa han).

Martin var i sitt vanlige hjørne denne dagen. Fekk ein fot på det meste og jobba som ein fjordahest på veg opp fjellsida med noko veldig tungt bakpå. Men til tross for dette måtte han likevel innsjå at hans lag ikkje vann speløkta denne gongen.

Også har vi Fred, vår kjære Fred. Spring, duellerar, jobbar, riv og slit i motstandaren. Positiv og oppofrande som alltid. Dette er mannen du vil ha med deg i krigen. Skåra mange mål, men hadde ein del stang ut denne dagen.

Vi hadde ein prøvespelar med oss denne gongen. Rikard kom tryglande på sine kne og spurte fint om å få vere med. Slike dådyrauger går det ikkje an å sei nei til. Av den grunn klappa vi han på skuldra og behandla han som ein av våre. Noko denne herlige gjengen alltid gjer. Rikard viste prov på god fysikk, noko som er naturleg sidan han er volleyballspelar. Ein klassisk midtstoppartype med middels god teknikk, men fryktinngytande i duellspelet. Rikard gjorde ein god figur og er velkommen tilbake på prøvespel seinare viss han ønsker det.



onsdag 11. november 2009



I dag tok idrettsklassen seg ein fjelltur til Viefjellet. Ein passelig fjelltur på ein dag det var passelig med sol. Anders og Andrè kunne ikkje vere med i dag, men resten av gjengen var der. Joachim trudde det var håp om å plukke poeng også her som månadens spelar. Det var truleg grunnen til at han la ut på nokre spurtar opp fjellsida og fekk Stig med seg. Etter kvart som stigninga og pulsen auka, så roa dei ned. Bjørn, Fred, Martin og Torstein såg ut til å gå i sitt vanlige tempo oppover.

Etter kvart som vi nærma oss toppen blei Fred og Bjørn tyrste og angra på at dei ikkje hadde tatt med seg drikke. Det hadde forøvrig ingen andre gjort heller. Så til neste gong har alle lært at det kan vere lurt å ta med drikke sjølv om turen ikkje er så lang. Uansett kom vi oss til toppen der vi måtte posere ved varden og med vakre Førde i bakgrunnen.

Turen ned att tok litt lenger tid for enkelte. Fred og Bjørn var i pulja som kom tidleg ned og venta tolmodig på resten, men dei kom aldri. Fred og Bjørn begynte å fryse på hendene og magen begynte å skrike etter mat. Til slutt tok dei beina fatt og gjekk tilbake til skulen kor eit flott måltid med taco stod og venta på dei. Til tross for at Fred og Bjørn fraus litt på fingrane sine så var det ein fin tur.

Neste veke går turen til Hafstadfjellet. God tur.

Og her er jentelaget som spelte under Nordvestcup i Molde. Ein herlig gjeng.

onsdag 4. november 2009

Nordvestcup i Molde






















26.-27. oktober reiste eit jentelag og eit gutelag frå Sunnfjord til Molde for å delta i Nordvestcup.
Vi kom til Molde i 12-tida og stemninga blant gjengen var upåklageleg til tross for at vekkarklokka ringte unormalt tidleg denne dagen. Vi fekk eit måltid på Molde folkehøgskule før vi reiste til kunstgrasbana og spelte kampar.

Gutane gjorde ein god innsats i turneringa. Spesielt 1.omgangen mot det gode Molde-laget var veldig bra. I tillegg slo vi Borg heile 8-1, men det var ikkje nok til å komme til finalen.

Jentene hadde aldri spelt ilag før, men kompanserte med god innsats og duellstyrke. Blant anna fekk Katrine iløpet av turneringa kallenavnet "veggen" for måten ho spelte i forsvar. Det blei lite poeng på jentene, men skal ha ros for innsatsen dei la ned.

Bilete av jentelaget m.m. kjem snart.

mandag 7. september 2009

Dagens "regndans"
















Nok ein dag med regn, men FIB-gjengen lar seg ikkje knekke av den grunn. Vi reiste bort på kunstgrasbana og gjennomførte vekas fyrste økt.
Bak frå venstre: Joachim, Andrè, Anders, Fred og Martin.
Framme frå venstre: Torstein og Bjørn.

Litt andre bilete frå måndagen vår.
















Ein liten smakebit frå dagen. Litt bilete av gjengen i aksjon og eit heilt middels vellykka hoppebilete. Trur fotografen må på fotokurs.

fredag 4. september 2009

Vi er i gong.

Då er vi i gong med den nye linja; Fotball, idrett og backpacking. Så langt har vi vore på Nesholmen med resten av skulen. Der blei vi betre kjent med kvarandre, og etter nokre dagar med informasjon og brannøving er vi i gong. Stemninga så langt har vore det beste og humøret på treningsøktene er upåklageleg.

Det vil komme mykje meir på denne bloggen seinare. Blant anna frekke bilete av Stig i silkepysjamas, Fred med voks rennande nedover ansiktet etter ei treningsøkt, Joachim i aggressivt fyrstepress, Bjørn med ballen limt til foten, Torstein med fantomredningar og eit lurt smil om munnen, Andrè som syng Michael Jackson songar, Anders på sykkelen i ein passelig trang sykkeltights, Martin med imponerande landhockeyfinter og mykje meir.
Så følg med!

AGK