onsdag 11. november 2009



I dag tok idrettsklassen seg ein fjelltur til Viefjellet. Ein passelig fjelltur på ein dag det var passelig med sol. Anders og Andrè kunne ikkje vere med i dag, men resten av gjengen var der. Joachim trudde det var håp om å plukke poeng også her som månadens spelar. Det var truleg grunnen til at han la ut på nokre spurtar opp fjellsida og fekk Stig med seg. Etter kvart som stigninga og pulsen auka, så roa dei ned. Bjørn, Fred, Martin og Torstein såg ut til å gå i sitt vanlige tempo oppover.

Etter kvart som vi nærma oss toppen blei Fred og Bjørn tyrste og angra på at dei ikkje hadde tatt med seg drikke. Det hadde forøvrig ingen andre gjort heller. Så til neste gong har alle lært at det kan vere lurt å ta med drikke sjølv om turen ikkje er så lang. Uansett kom vi oss til toppen der vi måtte posere ved varden og med vakre Førde i bakgrunnen.

Turen ned att tok litt lenger tid for enkelte. Fred og Bjørn var i pulja som kom tidleg ned og venta tolmodig på resten, men dei kom aldri. Fred og Bjørn begynte å fryse på hendene og magen begynte å skrike etter mat. Til slutt tok dei beina fatt og gjekk tilbake til skulen kor eit flott måltid med taco stod og venta på dei. Til tross for at Fred og Bjørn fraus litt på fingrane sine så var det ein fin tur.

Neste veke går turen til Hafstadfjellet. God tur.

Ingen kommentarer: